Aker Elektro sel ut stor avdeling.

 

Aker Elektro med hovudkontor på Stord kvittar seg med 143 av sine 1800 tilsette når industri- og marinedivisjonen 1.mars blir selt til to lokale firma.

 

Kvinnherad Elektro og LOS Elektro på Bømlo kjøper divisjonen for ein ukjent sum og overtek alle tilsette. Det nye selskapet, som enno ikkje har fått namn, skal administrerast frå Stord med dagens divisjonssjef Helge Gjøsæter i leiarstillinga.

Selskapet får avdelingar i Haugesund, på Stord og i Kvinnherad.

 

Administrerande direktør Tore Engevik opplyste på ein pressekonferanse i dag at utskiljinga av divisjonen skjer som følgje av ein snart eitt år lang prosess i Aker Elektro. Aker Kværner- dottera vil no konsentrera aktiviteten om flytande og faste offshoreinstallasjonar og landbaserte petrokjemianlegg.

Det er ei kjent sak at marinedivisjonen i fjor sleit hardt økonomisk, blant anna etter større tap på skipsoppdrag på Aukra ved Molde.

 

Aker Elektro gir det nye selskapet starthjelp i form av eit rente- og avdragsfritt lån i to år.

Det nye selskapet har også førsterett til å tilby arbeidsfolk når Aker Elektro har behov.

Det 60 år gamle Kvinnherad Elektro med 40 tilsette vil framleis bestå som eige selskap, det same gjeld det 20 år gamle Bømlo-selskapet LOS Elektro med 56 tilsette.

 

Tillitsvalt John Robert Grønås i EL&IT klubben i Aker Elektro seier at dei tilsette er nøgde med kjøparane av divisjonen.

Fire ulike grupperingar var aktuelle som kjøparar av industri- og marinedivisjonen, som har ein ordrereserve på 50 millionar kroner og eit 2003-budsjett på kring hundre millionar kroner.

 

Publisert i Bergens tidene 04.02.2003. av Ole Olderkjær