Norske verft sparer opptil 120 kroner timen på å bruka polske verftsarbeidarar framfor norske. Samstundes går titusenvis av norske arbeidarar ledige.
West Contractors i
Ølen gjev 40 polske arbeidarar langt dårlegare vilkår og løn enn det dei norske
får, likevel er polakkane nøgd med løna dei får.
I tillegg godtek polakkane å bu på simplare brakker enn dei norske arbeidarane.
Og hovudtillitsvalt for STS Stillasservice, Ivar Myhre, kritiserer
Utlendingsdirektoratet og Aetat for å godta polske arbeidarar når fleire tusen
norske er ledige.
Vilkåret frå Utlendingsdirektoratet for at West Contractors får bruka 40
polakkar er at dei minimum får betalt som ein norsk hjelpearbeidar. STS
Stillasservice har fleire i arbeid ved verftet, og hovudtillitsvald Ivar Myhre
meiner verftet betalar polakkane mykje mindre.
Adm.dir. ved West Contractors, Øystein Matre hevdar at dei betalar polakkane
tariffløn, men han vedgår at dei likevel sparar mykje på å ha polakkar i arbeid
og buande i brakker som er dårlegare enn norsk tariffavtale godkjenner.
I heile landet er det 24.000 arbeidsledige innan dei fagområda dei treng for å
vedlikehalda oljeriggen Statoil skal bruka på Kristin-feltet.Det er 30 % fleire
enn for eitt år sidan. Stillasarbeidar Egil Sulen har ennå arbeid, men likar
ikkje at både Utlendingsdirektoratet og Aetat lar arbeidsgjevarar ta inn så
mange utanlandske arbeidarar. - Eg begynner å bli litt uroleg nå når dei bli så
mange. Eg føler at arbeidsplassane våre er i fare, seier han.
Publisert
12.03.2003 på nettsidene til NRK.
Av: Geir Rommetveit og Wenche Lamo Hadland